Lom bryggeri

Voto 4.6 (media su 26 pareri)

Lom bryggeri skal produsere øl under merkevara Lomb. Det vil bli lagt opp til eit mest mogleg lokalt preg på ølprodukta med utgangspunkt i ølidentitet.

Lom bryggeri


Lom bryggeri er eigd av Ogro Holding SA (Olav Grjotheim, John Are Grjotheim, Håvard Grjotheim) og Kvervill as (Ola Gjeilo) med produksjonslokale i driftsbygninga til Håvard Grjotheim i Liavegen 367 i Lom. Kapasitet på bryggeriet er 8 batcher i veka á 1000 liter (ale). Realistisk makskapasitet når reingjering osv. er teke med i betrakning er 250 000 liter i året. Realistisk for oss på årsbasis vil i fyrste omgang å kome opp på ein årsproduksjon på 50 000 liter.

Jens Niemann frå Berlin har etter 15 år i forsikringsbransja i Tyskland, flytta saman med familien til Lom og har bydd i Lom dei siste åra og vart ferdig utdanna bryggjar da han praktiserte på bryggeri i Potsdam i Tyskland vinteren 2015. Det var vore gjennomført ei rekkje testbrygg av forskjellige variantar sidan hausten 2014.

Vi har som mål å i størst mogleg grad å kunne bruke lokale råvarer i brygget. Vi ser for oss samarbeid med lokale aktørar både når det gjeld forskning og tilverknad. Det vil bli mange innslag av undergjæra lager av forskjellige variantar i utvalet vårt, som i størst mogleg grad skal ha lokal tilknytning enten det gjeld bruk av råvarer, historisk tilknytning eller geografi.

LOM OG GUDBRANDSDALEN har lange tradisjonar med ølbrygging. Det beste kornet vart brukt til brygginga, og prosessen frå malting til ferdig øl vart utførd med stor flid. Det låg mykje prestisje i å servere godt øl. I tillegg til korn har humla vore ein viktig ingrediens så langt attende som på 1200-talet. Også eine, bork og forskjellige urter var brukte som smakstilsetjing. Gjæren frå botnen av rostekaret vart teken vare på i halmringar frå gong til gong. Alle desse tradisjonane vil ikkje bli vidareført i Lom bryggeri, men det vil bli mange liheitstrekk.

LOMB var brukt som skrivemåten på Lom i dansketida frå 1500-talet og fram til landsmålet og nynorsken overtok på 1800-talet. Prestane og andre embetsmenn skreiv slik dei oppfatta uttala til bygdafolket. Lom kjem av Lo'om, som betyr gras-slettene ved vatnet.

    Food & Beverage Company

   95844455 (Olav) / 97169557 (Ola)

   lomb.no

      Pagina facebook

      Liavegen 367, Lom, Norway

Lascia il tuo commento




"Trova il tuo ristorante, in un clic"